lørdag 18. juni 2011

Møt min assistent!



Dette er assistenten min, Fjerta Lofise på 1 1/2 år. Ho vart ansatt for utsjånaden sin, men har også eit vinnande vesen. I hagen gjer ho nytte for seg ved å skremme fuglar vekk frå jordbæråkeren og ved å spise insekt som kanskje og kanskje ikkje gjer skade på hagen...

torsdag 16. juni 2011

Akeleier og kvitt stakitt


Akeleier (Aquilegia) er fleirårige plantar i Soleiefamilien (Ranunculaceae). Dei har blomar med lang, krum honningspore. Akeleie er ein gammal kulturplante, kjent som medisinplante av Hildegard av Bingen på 1100-talet. Frå Danmark veit vi at planten er nevnt i eit Harpestreng-manuskript frå 1450, og i Noreg fins akeleier forvilla på gamle kyrkje- og klosterstader, mellom anna Tautra. Ved behandling måtte ein vere forsiktig med doseringa, for planten er giftig. Forgiftning av mennesker er ikkje vanleg, og er så langt eg veit ikkje påvist i moderne tid. Akeleier  kryssar og frøsår seg villig, men kvar plante lever ikkje så lenge etter det eg har høyrt. Mine akeleier er kvite og låge. Eg syns dei er kjempesøte, og håpar dei dukkar opp rundt om kring i hagen etterkvart.

Kjelder: Wikipedia, giftinformasjonssentralen, plantearven

torsdag 9. juni 2011

Syrinduft...


Fotoapparat med duftfunksjon skulle eg hatt i dag. Eg skulle gjerne delt syrinduft med alle som leser dette. I vår vesle sørlandsby er det syriner overalt, som hekkar rundt små hageflekkar, som store tre i gamle villahagar og forvilla oppover skrentar og fjellsider. Om nokre dagar er nok heile stasen avblomstra, og då er det eit heilt år til neste syrinsesong. Heldigvis står høgdepunkta i kø utover sommaren og hausten. Snart er det tid for roser og jordbær...

mandag 30. mai 2011

Jeg vet en deilig have...

...midt i Mandal. Andorsenhaven ligg ved Andorsengården, ein karakteristisk bygård frå 1801 der Mandal Folkebibliotek og Mandal Bymuseum held hus. Hagen er restaurert tilbake til fordums prakt med utforming og planteval som i 1912. Hageselskapet Mandal Hagelag fekk hagekulturprisen 2010 for arbeidet med hagen. Mandal Byselskap og Parkvesenet i Mandal Kommune har også teke del i arbeidet.

Og berre eit steinkast unna ligg Skriverhaven og ventar på eit liknande tiltak...



Her er eit klipp frå opninga i 2010

fredag 7. januar 2011

Godt nytt år!

Eg håpar 2011 blir eit bra år for oss alle! Og under snøen vaknar røter og frø til liv. Snart søker dei seg mot lyset...
Godt nytt år alle saman!