torsdag 16. juni 2011

Akeleier og kvitt stakitt


Akeleier (Aquilegia) er fleirårige plantar i Soleiefamilien (Ranunculaceae). Dei har blomar med lang, krum honningspore. Akeleie er ein gammal kulturplante, kjent som medisinplante av Hildegard av Bingen på 1100-talet. Frå Danmark veit vi at planten er nevnt i eit Harpestreng-manuskript frå 1450, og i Noreg fins akeleier forvilla på gamle kyrkje- og klosterstader, mellom anna Tautra. Ved behandling måtte ein vere forsiktig med doseringa, for planten er giftig. Forgiftning av mennesker er ikkje vanleg, og er så langt eg veit ikkje påvist i moderne tid. Akeleier  kryssar og frøsår seg villig, men kvar plante lever ikkje så lenge etter det eg har høyrt. Mine akeleier er kvite og låge. Eg syns dei er kjempesøte, og håpar dei dukkar opp rundt om kring i hagen etterkvart.

Kjelder: Wikipedia, giftinformasjonssentralen, plantearven

Ingen kommentarer: