lørdag 18. juni 2011
Møt min assistent!
torsdag 16. juni 2011
Akeleier og kvitt stakitt
Akeleier (Aquilegia) er fleirårige plantar i Soleiefamilien (Ranunculaceae). Dei har blomar med lang, krum honningspore. Akeleie er ein gammal kulturplante, kjent som medisinplante av Hildegard av Bingen på 1100-talet. Frå Danmark veit vi at planten er nevnt i eit Harpestreng-manuskript frå 1450, og i Noreg fins akeleier forvilla på gamle kyrkje- og klosterstader, mellom anna Tautra. Ved behandling måtte ein vere forsiktig med doseringa, for planten er giftig. Forgiftning av mennesker er ikkje vanleg, og er så langt eg veit ikkje påvist i moderne tid. Akeleier kryssar og frøsår seg villig, men kvar plante lever ikkje så lenge etter det eg har høyrt. Mine akeleier er kvite og låge. Eg syns dei er kjempesøte, og håpar dei dukkar opp rundt om kring i hagen etterkvart.
Kjelder: Wikipedia, giftinformasjonssentralen, plantearven
torsdag 9. juni 2011
Syrinduft...
Fotoapparat med duftfunksjon skulle eg hatt i dag. Eg skulle gjerne delt syrinduft med alle som leser dette. I vår vesle sørlandsby er det syriner overalt, som hekkar rundt små hageflekkar, som store tre i gamle villahagar og forvilla oppover skrentar og fjellsider. Om nokre dagar er nok heile stasen avblomstra, og då er det eit heilt år til neste syrinsesong. Heldigvis står høgdepunkta i kø utover sommaren og hausten. Snart er det tid for roser og jordbær...
mandag 30. mai 2011
Jeg vet en deilig have...
...midt i Mandal. Andorsenhaven ligg ved Andorsengården, ein karakteristisk bygård frå 1801 der Mandal Folkebibliotek og Mandal Bymuseum held hus. Hagen er restaurert tilbake til fordums prakt med utforming og planteval som i 1912. Hageselskapet Mandal Hagelag fekk hagekulturprisen 2010 for arbeidet med hagen. Mandal Byselskap og Parkvesenet i Mandal Kommune har også teke del i arbeidet.
Og berre eit steinkast unna ligg Skriverhaven og ventar på eit liknande tiltak...
Her er eit klipp frå opninga i 2010
Og berre eit steinkast unna ligg Skriverhaven og ventar på eit liknande tiltak...
Her er eit klipp frå opninga i 2010
Etiketter:
andorsenhaven,
hage,
historisk hage,
mandal hagelag
fredag 7. januar 2011
Godt nytt år!
Eg håpar 2011 blir eit bra år for oss alle! Og under snøen vaknar røter og frø til liv. Snart søker dei seg mot lyset...
Godt nytt år alle saman!
Godt nytt år alle saman!
søndag 29. august 2010
Haustprosjekt: Snekre fuglekasser
Det er seinsommar, og eit kjøleg drag i lufta. Eit av mine små prosjekt for hausten som kjem, er å snekre fuglekasser som skal hengast opp rundt om i hagen og i skogsområdet vårt til våren. Det er triveleg med ein levande hage! Her er ein tabell som viser kva dimensjonar ulike artar treng på kassene.
http://miljolare.no/aktiviteter/by/natur/bn4/kassetabell.php
Er du ikkje så veldig handy? Det fins mange fine fuglekasser i handelen også, bare hugs at dei ikkje skal ha sittepinne. Sittepinnen gir nemlig rovdyr og rovfuglar lett tilgang til fuglekassa. Mange nettbutikkar har søte fuglekasser, men det er også mulig å kjøpe fuglekasser frå elevbedrifter, fengselsutsalg eller på finn.no.
Plassering av fuglekasse:
Ein god plass for ei fuglekasse er ein plass der katten ikkje kan komme til, men der vi lett kan komme til for å reinske kassa ein gang i året. Kassa må ikkje plasserast i solsteiken, for vi vil ikkje ha kokte egg og stekt kylling.
Lurar du på noko om fuglar eller fuglekasser? Spør en ornitolog!
http://www.fuglevennen.no/sporsmal/

søndag 22. august 2010
Hagedrøm!
Denne vannpumpa såg eg i Den Gamle By i Århus, som har heile sju historiske hagar innanfor "bymurane". Eit besøk der anbefalast på det sterkaste. Eg skulle ynskje eg hadde ein slik vannpost i min eigen hage...
Abonner på:
Innlegg (Atom)