Viser innlegg med etiketten historisk hage. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten historisk hage. Vis alle innlegg
torsdag 16. juni 2011
Akeleier og kvitt stakitt
Akeleier (Aquilegia) er fleirårige plantar i Soleiefamilien (Ranunculaceae). Dei har blomar med lang, krum honningspore. Akeleie er ein gammal kulturplante, kjent som medisinplante av Hildegard av Bingen på 1100-talet. Frå Danmark veit vi at planten er nevnt i eit Harpestreng-manuskript frå 1450, og i Noreg fins akeleier forvilla på gamle kyrkje- og klosterstader, mellom anna Tautra. Ved behandling måtte ein vere forsiktig med doseringa, for planten er giftig. Forgiftning av mennesker er ikkje vanleg, og er så langt eg veit ikkje påvist i moderne tid. Akeleier kryssar og frøsår seg villig, men kvar plante lever ikkje så lenge etter det eg har høyrt. Mine akeleier er kvite og låge. Eg syns dei er kjempesøte, og håpar dei dukkar opp rundt om kring i hagen etterkvart.
Kjelder: Wikipedia, giftinformasjonssentralen, plantearven
mandag 30. mai 2011
Jeg vet en deilig have...
...midt i Mandal. Andorsenhaven ligg ved Andorsengården, ein karakteristisk bygård frå 1801 der Mandal Folkebibliotek og Mandal Bymuseum held hus. Hagen er restaurert tilbake til fordums prakt med utforming og planteval som i 1912. Hageselskapet Mandal Hagelag fekk hagekulturprisen 2010 for arbeidet med hagen. Mandal Byselskap og Parkvesenet i Mandal Kommune har også teke del i arbeidet.
Og berre eit steinkast unna ligg Skriverhaven og ventar på eit liknande tiltak...
Her er eit klipp frå opninga i 2010
Og berre eit steinkast unna ligg Skriverhaven og ventar på eit liknande tiltak...
Her er eit klipp frå opninga i 2010
Etiketter:
andorsenhaven,
hage,
historisk hage,
mandal hagelag
Abonner på:
Innlegg (Atom)
