søndag 29. august 2010

Haustprosjekt: Snekre fuglekasser

Det er seinsommar, og eit kjøleg drag i lufta. Eit av mine små prosjekt for hausten som kjem, er å snekre fuglekasser som skal hengast opp rundt om i hagen og i skogsområdet vårt til våren. Det er triveleg med ein levande hage! Her er ein tabell som viser kva dimensjonar ulike artar treng på kassene.

http://miljolare.no/aktiviteter/by/natur/bn4/kassetabell.php

Er du ikkje så veldig handy? Det fins mange fine fuglekasser i handelen også, bare hugs at dei ikkje skal ha sittepinne. Sittepinnen gir nemlig rovdyr og rovfuglar lett tilgang til fuglekassa. Mange nettbutikkar har søte fuglekasser, men det er også mulig å kjøpe fuglekasser frå elevbedrifter, fengselsutsalg eller på finn.no.

Plassering av fuglekasse:
Ein god plass for ei fuglekasse er ein plass der katten ikkje kan komme til, men der vi lett kan komme til for å reinske kassa ein gang i året. Kassa må ikkje plasserast i solsteiken, for vi vil ikkje ha kokte egg og stekt kylling.

Lurar du på noko om fuglar eller fuglekasser? Spør en ornitolog!
http://www.fuglevennen.no/sporsmal/

søndag 22. august 2010

Hagedrøm!

Denne vannpumpa såg eg i Den Gamle By i Århus, som har heile sju historiske hagar innanfor "bymurane". Eit besøk der anbefalast på det sterkaste. Eg skulle ynskje eg hadde ein slik vannpost i min eigen hage...

tirsdag 17. august 2010

Minihage i Legoland

Vi har vore på ferie i Danmark, og noko av det fyrste vi gjorde var å tilbringe ein heil dag i Legoland. Der såg vi denne søte minihagen:


Kanskje det hadde vore noko for dokke med liten plass? Det kjem sikkert fleire bloggpostar frå Danmark etterkvart. Det vart nok tatt nokre hagebilder i vårt blide naboland.

tirsdag 20. juli 2010

På ferie i Lübeck

Det har gått nokre dagar sidan Grønningen har vore på nettet. I dag kom vi heim frå ferie! Etter ein veldig triveleg og veldig varm middelalderferie i samband med 600-års jubileet til slaget ved Grunwald, drog vi innom vakre Lübeck for å slappe litt av før vi skulle vende nasa heimover.

Vi fann Hotel zur alten Stadtmauer, og det viste seg å vere eit lykkefunn. Hotellet var triveleg og betjeninga var fantastisk. Dei snakka bra engelsk og var veldig snille og hjelpsomme, så vi fekk mykje ut av det korte opphaldet. Fellesarealet var ikkje stort, men godt utnytta, og romma var akkurat passe romslege. Ein stor del av spisesalen var ein vinterhage med utsikt til ein innhaldsrik og rotete bakhage med masse fuglekasser. Eg skulle gjerne tatt med heile vinterhagen heim...

Gata vi budde i heitte An der Mauer, og der var også eit bad som heitte Altstadtbad Krähenteich. Barna koste seg veldig med å plaske rundt der. I vatnet var det gule vannliljer, og badet grensa til ein park med vakre gamle trær.

No har eg anbefalt hotellet vi budde på, og no vil eg anbefale ein spisestad også. Historiske Schiffergesellschaft hadde deilig mat og triveleg atmosfære, og i taket hang det gamle skutemodellar. Kelneren snakka engelsk til oss, og til og med norsk! Direkte billig var det vel ikkje, men vel verdt pengane.



Det var klatreroser og hagestokkroser overalt i den koselige, vesle gata der vi budde. Der var også mange andre klatreplantar. Dette huset er frå 1670-talet.

søndag 11. juli 2010

Hagen i juli 2010



Her er ein peonknopp. Vakker, eller kva?
                                                                                                                                                                                          

     Etter den kaldaste vinteren eg har opplevd kom den tørraste forsommaren eg har opplevd. Ein vakker, men altfor tørr juni månad har gjort plass til ein juli med godt, men variert veir. Sjeldan har vel nokre regnskurar vore meir velkomne enn etter denne junimånaden på det tørre sørlandet, med vatningsrestriksjonar i fleire av byane og kyr som åt ferdig tørka høy rett frå marka.


     Det er deilig i hagen vår no. Den evigunge rosa Peace blomstrar som eit under ved husveggen, der ho har stått heilt sida ho vart planta på 50 eller 60-talet. At stilkroser i snitt berre lever 8 år, er det nok ingen som har fortalt til vår Peace. I somme rosebøker står det at Peace er utan duft, men eg kjenner deilig te- og ferskenduft.


     Peonar er vakre blomar. Eg har berre to, men ynskjer meg fleire. Dei to som står her har eg "arva" i lag med hus og hage. Den trufaste bondepeonen vår har blomstra av for i år, men den raudlilla peonen med kanelduft står i blomst. Kanskje eg skal skaffe meg eit par kvite også?


torsdag 8. juli 2010

Frysetøy av jordbær, noko av det beste som fins!


I dag har eg laga jordbærfrysetøy.

Eg brukar ca. ein halv pakke certo frysepulver til 3-4 liter bær, og sukker etter kor søte bæra er. I dag brukte eg omtrent ein kopp sukker. Det er bare å smake til. Alt rørast saman, og frysetøyet er ferdig. Det er lurt å fryse det ned straks, og porsjonane bør ikkje vere for store. I motsetning til syltetøy er ikkje frysetøy varmebehandla, så det held seg ikkje lenge etter opptining. Her i huset er ikkje dette noko problem, frysetøyet forsvinner lenge før det rekker å bli dårleg.

Jordbærfrysetøy er noko av det beste som fins! Om du ikkje har jordbær sjølv, kan du sjekke om det fins sjølvplukk av jordbær i nærleiken. Eller du kan bruke andre bær, som villbringebær eller blåbær. Det er også veldig godt!

onsdag 7. juli 2010

Ein ny blogg på verdsveven


Her skal Grønningen blogge om hage. Det blir litt av kvart om smådyr og økologi i hagen, matauk og urtar, gamle hageplantar, barn i hagen, rosedyrking og mangesysleri. Grønningen har ikkje så god "teklogikk" så tips vert mottekne med takk!